Karoline Driveklepp
Bergen: Utvikler
Karoline har master i informasjonsvitskap frå Universitetet i Bergen (2008). Ho har erfaring med både nyutvikling og forvaltning av .NET-applikasjonar, primært innan forretningsområdet bank og finans. Karoline likar effektivitet og smidige arbeidsprosessar. Ho er oppteken av objekt-orientert design og rein kode, og praktiserer helst testdreven utvikling.
Karoline er oppvaksen blant sau og høns på ein Sunnmørsk fjelltopp, der bussen kom sjeldnare forbi enn raglefanten. Ho likar seg ute i naturen, men kan også vere å finne på kafe, på konsert, i ein kinosal eller ein tennishall. Ho elskar 60-tals møblar, klassiske amerikanske teikneseriar, logisk ukorrekte avisoverskrifter, filmsitat og mintsjokolade.