Stian er utdanna Dataingeniør frå Høgskulen på Vestlandet i Bergen der han blei uteksaminert i 2021. Gjennom studiet har han fått lære om mange ulike teknologiar, der han har mest erfaring med Java og C#/.NET. Han er også interessert i grafikk- og 3D-programmering, og likar å lære seg noko nytt.

Stian brukar helst fritida si på å spele og sjå ein god serie eller film. Han er også veldig interessert i datamaskinvare og teknologi elles og byggjer gjerne ein ny datamaskin eller server for vennar og familie. Han likar også å bruke tida på å bake og lage god mat.