Sveinung er ein teknolog frå Hardanger, utdanna ved HiB og NTNU. Han er av natur ein som likar å dela av kompetansen sin, så du finn han stundom på scena på ein eller annan konferanse, eller skrivande på ein eller annan artikkel. Opp gjennom åra har han opparbeida seg erfaring som utviklar, teamleiar, sauebonde, rådgjevar og produktutviklar. Som fagperson er han ekstremt opptatt av at det han leverer gir verdi og aller helst gjer verda til ein betre plass. Difor trivs han best når han får sitta tett på fagsida og jobba aktivt med utforminga av produktet.

Etter mange forvirra år på feil side av fjellet har han nok ein gong blitt vestlending. No prøver han intenst å integrera seg sjølv i lokalsamfunnet på Tau der han bur med familien, les bøker og trur han kan springa langt.