Drift i skya styrkar innovasjonsevna

Bilde fra serverpark

Kostnadsbesparing blir ofte trekt fram som den store gevinsten når ein vurderer å drifte IT-løysningane sine i skya. Dette er kortsiktig tenking. Brukt riktig kan skydrift vera ein sterk drivar for innovasjon, som let deg bevega deg fortare i marknaden enn om du er avhengig av ei intern driftsavdeling.

Erfaringsmessig er det få ting som gjer produktutvikling dyrare og treigare enn når du må involvera fleire team for å få laga produktet.

Om du skal driva med innovasjon er det viktig å optimalisera for læring. Organisasjonar som klarar å læra meir om kundane sine fortare og billigare enn konkurrentane sine har eit sterkt konkurransefortrinn. Erfaringsmessig er det få ting som gjer produktutvikling dyrare og treigare enn når du må involvera fleire team for å få laga produktet. Det beste er om du kan isolera arbeidet til eitt enkelt team. For spesielt større organisasjonar er det ofte det å vera avhengig av ei sentralisert driftsavdeling som gjer at arbeid stopper opp.

Drift i skya, t.d. hjå Amazon, Google eller Microsoft, er sjølvbetjent. Det blokkerer ikkje utviklingsprosessen din. Dei store skyleverandørane har sterke økonomiske insentiv til å satsa hardt på sjølvbetjening. Har du tusenvis av betalande kundar vil all manuell kundebehandling bli synligare på botnlinja enn om du berre har nokre titals interne brukarar. Den interne driftsavdelinga har difor sjeldan dei same insentiva rådande over seg. I tillegg har dei sjeldan det nødvendige budsjettet til å levera tilstrekkeleg sjølvbetjening då dei ofte blir sett på som ein kostnadsstad. I staden for meir sjølvbetjening ender du opp med ekstra seremoni ved leveransar til drift, noko som er det motsatte av det du vil om du skal optimalisera for læring.

I sære tilfeller finst det gode grunnar til at ein må ha plattformdrift sjølv.

Innovasjon vil kunne ta deg i uventa retningar. Kanskje treng du noko funksjonalitet i driftsplattforma som ikkje er utvikla endå. Då må du i så fall investera og venta på at det er ferdig før du kan fortsetta. Dei store skyleverandørane har mest sannsynleg allereie denne funksjonaliteten. Har ikkje dei det har ingen det. Interne driftsorganisasjonar med knappe budsjett har også sterkare insentiv enn skyleverandørane til å ha eit så lite tenestetilbod som mogleg. Eit stort tenestetilbod med den nødvendige kompetansen er dyrt å ha sjølv.

I sære tilfeller finst det gode grunnar til at ein må ha plattformdrift sjølv. Håpet er ikkje heilt ute om det gjeld deg. Det du må sørga for er at driftsavdelinga blir målt på kor godt dei klarer å gjere driftsplattforma sjølvbetjent. Deretter må du sørga for at dei har nok pengar til at ressursmangel ikkje blir eit sterkare insentiv enn driven mot sjølvbetjening.

Mer om Sveinung finner du under profilsiden hans her.