Karoline har master i informasjonsvitskap frå Universitetet i Bergen. Ho har erfaring med både nyutvikling og forvalting av system, primært av webapplikasjonar basert på teknologiar som .Net og Javascript. Karoline liker å ha kontroll og oversikt, og engasjerer seg gjerne i heile utviklingsprosessen. Ho er oppteken av brukarvennlig design og rein kode, og praktiserar helst testdreven utvikling.

Karoline er oppvaksen blant sau og høns på ein Sunnmørsk fjelltopp, der bussen kjører sjeldnare forbi enn raglefanten. Ho finn roa ute i naturen, men kan også vere å finne på kafèer, på konsert, eller i ein kinosal. Karoline elskar 60-tals møblar, teikneseriar, filmar regissert av Wes Anderson, logisk ukorrekte avisoverskrifter, og mintsjokolade.